Familiedag på Haualeite - hardevaflar på grue

Søndag 21.september 2014 var vi studentane i faget Mat, kultur og konservering ved Høgskulen  vertskap på Volda bygdetun, Haualeite. Arrangementet var ein av programpostane under Forskingsdagane. Oppgåva vår var å vise gjestane gamle tradisjonar i matkulturen i Noreg. Vi baud på smaksprøver og oppskrifter på ulike tradisjonsbakst, og publikum fekk også sjølve ta del i arbeidet. Eg og min makker steikte hardevaflar på gamle vaffeljern over open eld i grue. I tillegg skulle vi som del av oppgåva ha ei eller annan form for formidling. Sidan vi steikte vaflar i grue, valgte vi å ta for oss korleis utviklinga frå kokegrop, via grue og til bakarovn og mikrobølgjeovn har vore. Dette laga vi plansjar på, - som vi hengde opp som informasjon og formidling. Vi laga også ein plansje om isskap og kjøleskap, ein plansje om potetmjølet og ein om vaflar. 

Utprøving i eiga klasse før alvoret på Haualeitet:

Før vi skulle gjennomføre opplegget vårt på Haualeitet syntes gruppa mi at vi måtte prøve det ut, og forsikre oss om at dette var noko som gjekk ann å gjennomføre. Eg prøvde det difor ut med mine eigne elevar. Ein fin haustdag gjekk 3. og 4. klasse, 30 elevar, i fjøra. På programmet stod blant anna steiking av hardevaflar over open eld på bål. Ikkje berre det, men røra skulle også lagast i fjøra. Vi smelta smør i ein kaffikjele over bålet, skilte egga, vispa eggedosis med spiralvisp og eggekvitar med hjulvisp, blanda alt saman med ein slikkepott og steikte over bål med vaffeljern av gamletypen. Elevane var med på heile prosessen og dei storkosa seg. Dette gjekk stort sett utan problem, og vaflane vart vellukka og veldig gode. Nokon vart sjølvsagt litt for godt steikte, då det ikkje er så lett å justere temperaturen når ein steiker over open flamme. Vi brukte ca. ein time på å lage og steike ein porsjon, og det vart ca. tolv plater av ein slik porsjon. I løpet av utedagen og arbeidsdagen min, fekk eg gjort meg gode og nyttige erfaringar som var både nødvendige og nyttige for å gjennomføre prosjektet vårt under Forskardagane på Volda bygdetun.

Utprøving i fjøra med elevane mine. Foto:Kristin Eikrem Havåg

Oppskrift og framgangsmåte på hardevaflar:

4 eggeplommar                       1. Del egga i plommer og kviter.  
200 g sukker  (ca 2 1/2 dl)      2. Pisk eggeplommane og sukker til  eggedosis med spiralvips
250 g margarin                        3. Tilsett smelta margarin, deretter potetmjøl og bakepulver     
500 g potetmjøl                       4. Stivpisk eggekvitane med ein hjulvisp, og vend dei forsiktig inn
3 ts bakepulver                        5. Steik vaflar i, ca 2 1/2 ss røre til kvar plate                      
4 eggekvitar                            6. Smakar nydeleg med smør og brunost på.
                                                7. Kan oppbevarast i ei tett kakeboks med lokk.

                              
Infoplansjar om potetmjølet og hardevaflar. Foto: Kristin Eikrem Havåg
                  
                                                 
Gjennomføringa på Haugaleitet:

Vi møtte opp på Haualeite i lusekofte og strikkagensarar i god tid før arrangementet skulle starte for å lage klart til gjestane. Vi rigga til eit langbord der ungane kunne få vere med på å lage deiga, fyrde opp i grua og laga det koseleg og innbydande i den gamle bygninga vi skulle vere i. Vi hang opp plansjane om utviklinga frå kokegrop til bakarovn og mikrobølgjeomn, frå isskap til det første kjøleskapet og info om både potetmjølet og hardevafler. I tillegg la oppskrifta på hardevaflar lett tilgjengeleg, slik at dei besøkande kunne ta med heim om dei ønskte.

Vi hadde med oss to ferdige porsjonar med røre, og ingrediensar til 4-6 porsjonar som vi kunne lage på staden. I tillegg hadde vi med to vaffeljern av gamletypen, hjulvispar, spiralvispar, bålkjele til å smelte margarin, desilitermål, ei gamal vekt, slikkepott, bakebollar i tidsrett materiell, ved, aviser, tennbrikettar og fyrstikker.

Det var regnvær  men likevel overraskande mange besøkande gjestar på tunet denne dagen. Dei gjekk frå hus til hus for å sjå på og vere med på stasjonane våre. Det vart ein veldig kjekk dag. På vår stasjon fekk ungane vere med på å skilje eggeplommen frå eggekviten, vispe eggedosis med spiralvisp og eggekvitar med hjulvisp. Dei fekk vere med på heile prosessen med å lage røra til hardevaflane. Mange hadde aldri verken knekt eit egg før, eller delt det i plomme og kvite, og hjulvisp hadde dei aller fleste aldri verken sett eller prøvd. Dei fekk også ta del i å steike vaflane på gamalt vaffeljern over flamane i grua. Nokon av ungane vart forundra og lurte på om vi ikkje trengte stikkontakt når vi skulle steike vaflar? Medan dei eldre besøkande nikka gjenkjennande og la til sine eigne historier, når vi fortalde og viste ungane korleis dei måtte tilberede maten over grua før i tida. 

Hardevaflar steikt i grue. Foto: Kristin Eikrem Havåg og Silje Kvalvik

Tekst frå Sunnmørsposten: "Matlaging over open eld skaper god stemning. Matstudentane i Volda viste korleis det kan gjerast. Bak frå venstre Silje Kvalvik, Hildegunn Skår, Anette Uglum Neset, framme frå venstre Gry Løvold og Kristin Eikrem Havåg." Foto: http://www.smp.no/kultur/article10153138.ece#6



Infoplansjar om utviklinga frå kokegrop, via grue til komfyr og mikrobølgjeovn. 
Foto: Kristin Eikrem Havåg

Erfaringar og refleksjonar: 

Takka vere gode førebuingar med utprøving i forkant, og god planlegging så vart dette ein vellykka dag. Alle gjestane gjorde også sitt til at det vart ei realistisk og fin oppleving.  Arbeidet med denne oppgåva og gjennomføringa av dagen har vore både lærerikt og kjekt. Det var kjekt å fordjupe seg i eit bakverk og i ei oppgåve. Vi lærte mykje om fortidas tilberedning og oppbevaring av mat når vi skulle leite etter teoristoff om kokegrop, grue, den første bakarovnen og mikrobølgjeovnen, isskap og kjøleskap. I tillegg lærte vi om poteta si historie når vi skreiv om potetmjølet og hardevaflar. Heldigvis vart det også tid til at vi kunne gå rundt å sjå på dei andre stasjonane, og kva medelevane våre laga og lærte bort. Dette var også veldig lærerikt. Alt i alt ein fin oppleving og kjekk dag. 


 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Safting, sylting og hermetisering

Takke- og julebakst