Familiedag på Haualeite - hardevaflar på grue
Før vi skulle gjennomføre opplegget vårt på Haualeite syntes gruppa mi at vi måtte prøve det ut, og forsikre oss om at dette var noko som gjekk ann å gjennomføre. Eg prøvde det difor ut med mine eigne elevar. Ein fin haustdag gjekk 3. og 4. klasse, 30 elevar, i fjøra. På programmet stod blant anna steiking av hardevaflar over open eld på bål. Ikkje berre det, men røra skulle også lagast i fjøra. Vi smelta smør i ein kaffikjele over bålet, skilte egga, vispa eggedosis med spiralvisp og eggekvitar med hjulvisp, blanda alt saman med ein slikkepott og steikte over bål med vaffeljern av gamletypen. Elevane var med på heile prosessen og dei storkosa seg. Dette gjekk stort sett utan problem, og vaflane vart vellukka og veldig gode. Nokon vart sjølvsagt litt for godt steikte, då det ikkje er så lett å justere temperaturen når ein steiker over open flamme. Vi brukte ca. ein time på å lage og steike ein porsjon, og det vart ca. tolv plater av ein slik porsjon. I løpet av utedagen og arbeidsdagen min, fekk eg gjort meg gode og nyttige erfaringar som var både nødvendige og nyttige for å gjennomføre prosjektet vårt under Forskardagane på Volda bygdetun.
Oppskrift og framgangsmåte på hardevaflar:
4 eggeplommar
1. Del egga i plommer
og kviter.
200 g sukker (ca 2 1/2 dl)
2. Pisk eggeplommane og sukker til eggedosis med
spiralvips
250 g margarin
3. Tilsett
smelta margarin, deretter potetmjøl og bakepulver
500 g potetmjøl
4. Stivpisk
eggekvitane med ein hjulvisp, og vend dei forsiktig inn
3 ts bakepulver
5. Steik vaflar i, ca 2 1/2 ss røre til kvar
plate
4 eggekvitar
6. Smakar nydeleg med smør og brunost på.
7. Kan oppbevarast i ei tett kakeboks med lokk.
Gjennomføringa på Haugaleitet:
Vi møtte opp på Haualeite i lusekofte og
strikkagensarar i god tid før arrangementet skulle starte for å lage klart til
gjestane. Vi rigga til eit langbord der ungane kunne få vere med på å lage
deiga, fyrde opp i grua og laga det koseleg og innbydande i den gamle bygninga
vi skulle vere i. Vi hang opp plansjane om utviklinga frå kokegrop til bakarovn
og mikrobølgjeomn, frå isskap til det første kjøleskapet og info om både
potetmjølet og hardevafler. I tillegg la oppskrifta på hardevaflar lett
tilgjengeleg, slik at dei besøkande kunne ta med heim om dei ønskte.
Vi hadde med oss to ferdige porsjonar med røre, og ingrediensar til 4-6 porsjonar til å lage på staden. I tillegg hadde vi med to vaffeljern av
gamletypen, hjulvispar, spiralvispar, bålkjele til å smelte margarin,
desilitermål, ei gamal vekt, slikkepott, bakebollar i tidsrett materiell, ved,
aviser, tennbrikettar og fyrstikker.
Det var regnvær, men
likevel overraskande mange besøkande gjestar på tunet denne dagen. Dei gjekk
frå hus til hus for å sjå på og vere med på stasjonane vore. Det vart ein
veldig kjekk dag. På vår stasjon fekk ungane vere med på å skilje eggeplommen
frå eggekviten, vispe eggedosis med spiralvisp og eggekvitar med hjulvisp. Dei
fekk vere med på heile prosessen med å lage røra til hardevaflane. Mange hadde
aldri verken knekt eit egg før, eller delt det i plomme og kvite, og hjulvisp
hadde dei aller fleste aldri verken sett eller prøvd. Dei fekk også ta del i å
steike vaflane på gamalt vaffeljern over flamane i grua. Nokon av ungane
vart forundra og lurte på om vi ikkje trengte stikkontakt når vi skulle steike
vaflar? Medan dei eldre besøkande nikka gjenkjennande og la til sine eigne
historier, når vi fortalde og viste ungane korleis dei måtte tilberede maten
over grua før i tida.
Erfaringar og refleksjonar:
Takka vere gode førebuingar med utprøving i
forkant, og god planlegging så vart dette ein vellykka dag. Alle gjestane
gjorde også sitt til at det vart ei realistisk og fin oppleving. Arbeidet
med denne oppgåva og gjennomføringa av dagen har vore både lærerikt og kjekt.
Det var kjekt å fordjupe seg i eit bakverk og i ei oppgåve. Vi lærte mykje om
fortidas tilberedning og oppbevaring av mat når vi skulle leite etter
teoristoff om kokegrop, grue, den første bakarovnen og mikrobølgjeovnen, isskap
og kjøleskap. I tillegg lærte vi om poteta si historie når vi skreiv om
potetmjølet og hardevaflar. Heldigvis vart det også tid til at vi kunne gå
rundt å sjå på dei andre stasjonane, og kva medelevane våre laga og lærte bort.
Dette var også veldig lærerikt. Alt i alt ein fin oppleving og kjekk dag.
Kjeldeliste til opplegget på Haualeite:
Bing, M., Kjos, T., & Sandvik, B. (u.d.). Norsk
Folkemuseum. Hentet fra Teknologi i hjemmet: https://norskfolkemuseum.no/teknologi-i-hjemmet
Blegen, T. (2014, 05 23). Samfunnsviter´n. Hentet fra
Vaffeleffekten: https://samfunnsvitern.com/vaffeleffekten/
Bugge, A. B. (2019). Fattigmenn, tilslørte bondepiker og
rike riddere - Mat og spisevaner i Norge fra 1500-tallet til vår tid.
Cappelen Damm AS.
Fooladi, E. (2009, 07 28). Natursekken. Hentet fra
Historien bak kokegropene: http://www.natursekken.no/c1187998/artikkel/vis.html?tid=1212412&within_tid=1188274
Galleriet. (2021). Ingen jul uten/galleriet. Hentet
fra I dag er det vaffeldagen: https://galleriet.com/galleriet/i-dag-er-det-vaffeldagen/
Henriksen, T. G., & Enoksen, M. M. (2011, 03 25). Nettavisen.
Hentet fra Den norske vaffelen er egentlig svensk...: https://www.nettavisen.no/nyheter/den-norske-vaffelen-er-egentlig-svensk/s/12-95-3423072917
Hoff. (u.d.). Hoff. Hentet fra Historie: https://www.hoff.no/210/historie
Infountain. (u.d.). Infountain . Hentet fra
Oppfinnelsen og historien om kjøleskapet: http://www.infountain.net/no/oppfinnelsen-og-historie-av-kj%C3%B8leskapet/
Kjerringrad. (u.d.). Kjerringrad. Hentet fra Dårlig mage - kjerringråd: https://www.kjerringrad.com/daarlig-mage-472.html
Magsells. (u.d.). Magsells. Hentet fra Mikrobølgeovn
og mikrobølgeovnens historie: https://www.magsells.co.uk/microwave-information/microwave-history/?lang=no
Norsk Folkemuseum. (u.d.). Norsk Folkemuseum. Hentet
fra På kjøkkenet: https://norskfolkemuseum.no/P%C3%A5-kj%C3%B8kkenet
Quooker. (u.d.). Quooker . Hentet fra Norsk
kjøkkenhistorie: hjelpemidlene og virkelig betydde noe: https://quooker.no/inspirasjon/om-norsk-kjoekkenhistorie-hjelpemidlene
Strand, T. (u.d.). Historie Vg2-3. Hentet fra 25 nye
ting på 25 år: https://historievg2-3.cappelendamm.no/enkel/aktivitet.html?tid=1328725&sec_tid=1125880
Tomasgard, A.-M. (2014, 09 21). Sunnmørsposten. Hentet fra Serverte mat med tradisjon: https://smp.no/kultur/article10153138.ece
Vattekar, M. B. (2020, 07 01). Digitalt museum. Hentet
fra Ta en potet - litt om potetens kulturhistorie: https://digitaltmuseum.no/021188560130/ta-en-potet-litt-om-potetens-kulturhistorie-i-norge
Wikipedia. (2021, 04 16). Wikipedia. Hentet fra
Mikrobølgeovn: https://no.wikipedia.org/wiki/Mikrob%C3%B8lgeovn



Kommentarer
Legg inn en kommentar