Innlegg

Viser innlegg fra 2021

Familiedag på Haualeite - hardevaflar på grue

Bilde
  Søndag 21.september 2014 var vi studentane i faget Mat, kultur og konservering ved Høgskulen vertskap på Volda bygdetun, Haualeite. Arrangementet var ein av programpostane under Forskingsdagane. Oppgåva vår var å vise gjestane gamle norske tradisjonar i matkultur. Vi baud på smaksprøver og oppskrifter på ulike tradisjonsbakst, og publikum fekk også sjølve ta del i arbeidet. Eg og min makker steikte hardevaflar på gamle vaffeljern over open eld i grue. I tillegg skulle vi som del av oppgåva ha ei eller annan form for formidling. Sidan vi steikte vaflar i grue, valgte vi å ta for oss korleis utviklinga frå kokegrop, via grue og til bakarovn og mikrobølgjeovn har vore. Dette laga vi plansjar på, - som vi hengde opp som informasjon og formidling. Vi laga også ein plansje om isskap og kjøleskap, ein plansje om potetmjølet og ein om hardevaflar. Teksten til informasjonsplansjane vi brukte på Haualeite, finn de   her .   Eg har valt å ta vekk illustrasjonane frå plan...

Takke- og julebakst

Bilde
På vår fjerde samling på studiet «Mat, kultur og konservering» var temaet korn, mjøl og bakst. Vi lærte om kornet si historie, og kor viktig det har vore i den dagelege kosten til menneska i Noreg frå kornet kom til landet og fram til i dag. I tillegg hadde vi bakstedag der vi baka flatbrød, lefser, hardingar og laga søst. I etterarbeid til denne samlinga fikk vi i oppgåve lage to produkt basert på mjøl, der det eine enten skulle vere flatbrød eller lefse og det andre annan tradisjonelle bakst. Eg valte å lage flatbrød etter oldemor si oppskrift som farmor og mor mi har baka før meg, og serinakaker etter svigermor si oppskrift. Kort om kornet si historie: Menneska som vandra rundt tok til å hauste korn i området rundt elvane Eufrat og Tigris, kalla «den fruktbare halvmåne» for omlag 20000 år sida. Her var klimaet ideelt for korn, og ein familie kunne på berre nokre vekers arbeid hauste nok korn for eit heilt år. For rundt 10000-12000 år sidan endra klimaet seg i Midtausten og levef...

Slakting og konservering av kjøt

Bilde
Når eg starta på dette studiet i 2014 fekk eg vere med på slakting og partering av lam på Nilsgarden hjå Nils Martin og Eli Romestrand i Barstadvika. Det var ein del av opplæringa og inspirasjonen på vår tredje samling, som handla om konservering av kjøt. Eg fullførte aldri studiet i 2014, og no når eg tek opp att studiet i 2021, er denne delen med å besøkje ein gard og vere med på slakting tatt ut av programmet. I staden fekk studentane ein dag på høgskulekjøkkenet, der dei gjorde det meste som eg var med på i 2014, bortsett frå slakting og flåing. Denne dagen var ikkje eg med på. Eg har valt å skrive om mine opplevingar og erfaringar frå slaktedagen i 2014. Det er den første og einaste gongen eg har vore med på slakting. Å få vere med på heile prosessen frå levande dyr til ferdig mat på bordet var både spennande og lærerikt. Sjølve avlivinga vart gjennomført på ein veldig fin måte. Slaktaren prisa og takka dyra for maten det gir til menneska. Det var ei høgtidleg og rørande stund, -...

Familiedag på Haualeite - hardevaflar på grue

Bilde
Søndag 21.september 2014 var vi studentane i faget Mat, kultur og konservering ved Høgskulen  vertskap på Volda bygdetun, Haualeite. Arrangementet var ein av programpostane under Forskingsdagane. Oppgåva vår var å vise gjestane gamle tradisjonar i matkulturen i Noreg. Vi baud på smaksprøver og oppskrifter på ulike tradisjonsbakst, og   publikum fekk også sjølve ta del i arbeidet . Eg og min makker steikte hardevaflar på gamle vaffeljern over open eld i grue. I tillegg skulle vi som del av oppgåva ha ei eller annan form for formidling. Sidan vi steikte vaflar i grue, valgte vi å ta for oss korleis utviklinga frå kokegrop, via grue og til bakarovn og mikrobølgjeovn har vore. Dette laga vi plansjar på, - som vi hengde opp som informasjon og formidling. Vi laga også ein plansje om isskap og kjøleskap, ein plansje om potetmjølet og ein om vaflar.  Utprøving i eiga klasse før alvoret på Haualeitet: Før vi skulle gjennomføre opplegget vårt på Haualeitet syntes gruppa mi at vi må...