Familiedag på Haualeite - hardevaflar på grue
Søndag 21.september 2014 var vi studentane i faget Mat, kultur og konservering ved Høgskulen vertskap på Volda bygdetun, Haualeite. Arrangementet var ein av programpostane under Forskingsdagane. Oppgåva vår var å vise gjestane gamle norske tradisjonar i matkultur. Vi baud på smaksprøver og oppskrifter på ulike tradisjonsbakst, og publikum fekk også sjølve ta del i arbeidet. Eg og min makker steikte hardevaflar på gamle vaffeljern over open eld i grue. I tillegg skulle vi som del av oppgåva ha ei eller annan form for formidling. Sidan vi steikte vaflar i grue, valgte vi å ta for oss korleis utviklinga frå kokegrop, via grue og til bakarovn og mikrobølgjeovn har vore. Dette laga vi plansjar på, - som vi hengde opp som informasjon og formidling. Vi laga også ein plansje om isskap og kjøleskap, ein plansje om potetmjølet og ein om hardevaflar. Teksten til informasjonsplansjane vi brukte på Haualeite, finn de her . Eg har valt å ta vekk illustrasjonane frå plan...