Familiedag på Haualeite - hardevaflar på grue
Søndag 21.september 2014 var vi studentane i faget Mat, kultur og konservering ved Høgskulen vertskap på Volda bygdetun, Haualeite. Arrangementet var ein av programpostane under Forskingsdagane. Oppgåva vår var å vise gjestane gamle tradisjonar i matkulturen i Noreg. Vi baud på smaksprøver og oppskrifter på ulike tradisjonsbakst, og publikum fekk også sjølve ta del i arbeidet . Eg og min makker steikte hardevaflar på gamle vaffeljern over open eld i grue. I tillegg skulle vi som del av oppgåva ha ei eller annan form for formidling. Sidan vi steikte vaflar i grue, valgte vi å ta for oss korleis utviklinga frå kokegrop, via grue og til bakarovn og mikrobølgjeovn har vore. Dette laga vi plansjar på, - som vi hengde opp som informasjon og formidling. Vi laga også ein plansje om isskap og kjøleskap, ein plansje om potetmjølet og ein om vaflar. Utprøving i eiga klasse før alvoret på Haualeitet: Før vi skulle gjennomføre opplegget vårt på Haualeitet syntes gruppa mi at vi må...