Innlegg

Viser innlegg fra oktober, 2021

Slakting og konservering av kjøt

Bilde
Når eg starta på dette studiet i 2014 fekk eg vere med på slakting og partering av lam på Nilsgarden hjå Nils Martin og Eli Romestrand i Barstadvika. Det var ein del av opplæringa og inspirasjonen på vår tredje samling, som handla om konservering av kjøt. Eg fullførte aldri studiet i 2014, og no når eg tek opp att studiet i 2021, er denne delen med å besøkje ein gard og vere med på slakting tatt ut av programmet. I staden fekk studentane ein dag på høgskulekjøkkenet, der dei gjorde det meste som eg var med på i 2014, bortsett frå slakting og flåing. Denne dagen var ikkje eg med på. Eg har valt å skrive om mine opplevingar og erfaringar frå slaktedagen i 2014. Det er den første og einaste gongen eg har vore med på slakting. Å få vere med på heile prosessen frå levande dyr til ferdig mat på bordet var både spennande og lærerikt. Sjølve avlivinga vart gjennomført på ein veldig fin måte. Slaktaren prisa og takka dyra for maten det gir til menneska. Det var ei høgtidleg og rørande stund, -...